Olavi Rinteenpää
Olavi Rinteenpää | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 24. september 1924 Helsingfors |
Død | 10. januar 2022 (97 år) |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1952, Sommar-OL 1956, EM i friidrett 1954, EM i friidrett 1958 |
Olavi Osvald Rinteenpää (24. september 1924–10. januar 2022) var ein finsk hekke- og langdistanseløpar frå Helsinki. Han sette i 1953 verdsrekord i 3 000 meter hinder og vann året etter EM-sølv i same øvinga.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Rinteenpää vart finsk meister i 3 000 m hinder i 1952, ein prestasjon han sidan gjentok i 1953, 1954, 1956 og 1958. Under dei olympiske sommarleikane i heimbyen, same sommaren som han vann sin fyrste nasjonale meistertittel, vart han fjerdemann i hinderløpet. Den 2. juli 1953 forbetra Rinteenpää verdsrekorden i øvinga med eitt sekund til 8.44,4 på nettopp olympiastadion i Helsinki. Rekorden stod seg i vel to år, til dess Jerzy Chromik frå Polen sletta den i august 1955.
I slutten av august 1954 måtte Rinteenpää sjå seg klart slått av ungararen Sándor Rozsnyói i hindertevlinga ved EM i Bern, men berga sølvmedaljen i kamp mot nordmannen Ernst Larsen. Rinteenpää var langt unna å kvalifisere seg til OL-finalen i Melbourne i 1956. To år seinare vart han nummer ni i europameisterskapen i Stockholm.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- OL 1952 i Helsinki: Nr 4 – 8.55,6
- EM 1954 i Bern: Sølvmedalje 8.52,4, bakom Sándor Rozsnyói (8.49,6)
- OL 1956 i Melbourne: Utslått i kvalifiseringa (9.10,0 =nr 20)
- EM 1958 i Stockholm: Nr 9 – 8.52,6
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Olavi Rinteenpää» frå Wikipedia på tysk, den 27. juni 2019.